Tekst: Einar Ytrehus
I år blei "Loffaren" arrangert for
30. og siste gong. Arrangøren,
Birkenes idrettslag, hadde bestemt
seg for at dersom det ikkje kom
minst 100 deltakarar, skulle mar-
sjen leggjast ned. I fjor gjekk det
berre 41, så det såg ikkje lyst ut.
Som hovudansvarleg for marsjen i
mange år, heilt til eg trekte meg
attende for nokre år sidan av helse-
mesige grunnar, ville eg gjere mitt
til å auke deltakartalet.
Eg kontakta redaktørane i
"Birkenesavisen" og "Lillesands-
posten", og begge var positive og
kom med fyldig førehandsomtale.
På ein eldretur og i eit 60-årssel-
skap prøvde eg å få folk til å stille
opp. Ein av dei eg spurde, stilte
opp. Eg maste også på familien.
Resultatet her blei betre.
Det kom 55 deltakarar! Rundt
10 var frå Birkeland. Resten var dei
vanlege kjenningane som reiser
rundt. Det blei ikkje stor nok auke.
Deltakarane kom med mange posi-
tive kommentarar, og det kom posi-
tiv omtale i avisene. Men det er nok
for seint. "Loffaren" er nok histo-
rie. I fjor gjekk "Torvstrømarsjen",
som eg sjølv starta, for siste gong
etter 15 år.
Dette blei mykje surmuling! Det
går attende med marsjane andre
stadar og. Kristian Lofthus-marsjen
i Lillesand gikk også for 30. og siste
gong i år. Redaktøren i "Lillesands-
posten" skreiv det slik: "Arran-
gørene som gjennom en lang tid
har gjort et fenomenalt frivillig
arbeid, kan ikke lastes for at de
ikke lenger vil gjøre en jobb som
ikke samler flere deltakere og heller
ikke gir overskudd i klubbkassen.
Det er i den forbindelse et
tankekors at arrangørene
både på Birkeland og
Lillesand melder at det er de
lokale deltakerne som svikter.
Det kan være en nyttig
påminnelse til oss alle at der-
som vi vil at det skal skje noe
24
BLADET FOLKESPORT 3 - 2007
Tankar om den siste «Loffaren»
I mål etter gjennomført
vandring: fra venstre: Markus
Fjeldskaar, Steffen Fjeldskaar og
Ingrid G. Ytrehus.