beste er å få seg ein god røyk og ein
kopp kaffe når han er komen i mål.
Og når dagen er slutt, gler han seg
til neste morgon med nye turar.
Alv er og med og arrangerer
marsjar for Arendal Turmarsj-
forening. Han legg løyper og tek
inn merkeband. I Grimstad skiftar
han kontrollar med jamne mellom-
rom. Han ser med uro på at marsj
etter marsj blir nedlagd, men stre-
var sjølv for å få nye med. Gå tur
vil han alltid halde fram med sjølv
om arrangmenta blir borte. Før han
blei gripen av marsjbasillen, dreiv
han med dykking, paragliding,
skogsløp og racerbåtkonkurransar.
Har du nokon sluttkomentar?
Ja, no skal eg gå rundt med
”Agderposten” frå 4 til 7, så no
slepp eg å sitje og vente på mor-
gonlyset. Men det blir vel færre
morgonmarsjar!
Alv Kvamme er eigentleg frå
Bygstad i Sunnfjord, men har budd
i Arendal frå 1966. Sidan eg og er
frå Sunnfjord, tykkjer eg det er eks-
tra gildt å prate med han.
13
BLADET FOLKESPORT 4 - 2007
Alv Kvamme sjekkar ein av dei gule boksane.