Tekst og foto:
Einar Ytrehus, Birkeland
Grimstad Rundvandring har ei
løype med ein kontrollpost langt
inne på Risdalsheia. Ein må bruke
minst ein time frå startstaden
Metveit for å komme dit.
Kontrollposten er ei kasse med eit
kodenummer og ei bok inni, der ein
skal skrive namn, dato og klokke-
slett.
Ein morgon i sommar var eg
skikkeleg tidleg ute, trudde eg. Eg
nådde kontrollposten kl. 7.55, og
tenkte at no skulle eg bli kjend som
morgonfugl og imponere marsjka-
meratar. Eg opna boka og skulle til
å skrive då eg såg at ein annan
hadde vore der før meg same dag.
”Alf Kvamme kl. 5.20!” las eg. Og
så han som bur i Arendal, og har
ein times køyretid til startstaden.
No veit eg kva ein morgonfugl er!
Dette skreiv eg for fire år sidan,
hausten 2003. På ein marsj i haust,
råkar eg Alf Kvamme, som no er
blitt pensjonist, og eg nyttar høvet
til å spørje: Er du like mykje mor-
gonfugl no?
Alv smiler: Det er eg. Eg følgjer
lyset. Ser eg antydning til lys, kler
eg meg. Kjem lyset seint, hender det
eg startar med hodelykt. Eg tek
gjerne to løyper på rundt 10 km
kvar før eg dreg heim. Så finn eg på
noko med hus og heim før eg tek
ein ny løype i kveldinga. Eg brukar
gjerne 4-6 dagar på den gule delen
av Grimstad Rundvandring (125
km). Av og til tek eg den blå (også
125 km). På fire år har eg no greidd
125 km 180 gongar. Det skulle bli
22 500 km på ei og same rundvan-
dring. Eg går óg andre marsjar,
men ikkje i utlandet. Eg har stem-
pla rundt 1780 marsjar i alt og 35
000 km.
Om vinteren når det er snø, tek
du deg vel ein god pause?
Eg håpar på mykje snø, så dei
andre ikkje får gått. Eg kjem alltid
fram på trugene. (red. merknad: det
er stor konkurranse om å gå flest
turar.)
Kva seier kona når du går så
mykje.
Ho er så treg om morgonen at
eg rekk 20 km før ho står opp, og
takk og pris for det!
På spørsmål om kvifor han går
så mykje, svarar han at han likar å
vere ute i naturen og oppleve livet
der. Det er rett og slett gøy! Sjølv
om han går mykje åleine, set han
pris på det gode marsjmiljøet. Det
12
BLADET FOLKESPORT 4 - 2007
MORGONFUGL