Table of Contents Table of Contents
Previous Page  7 / 36 Next Page
Information
Show Menu
Previous Page 7 / 36 Next Page
Page Background

Tekst og foto: Jakob Kjersem,

Tresfjord.

Artikkel skrevet for ”Bygdebladet”

IL Ravn på Vatne arrangerte 12. juni

Fjord og Fjellmarsj for 21. gong. Dei

kunne registrere klar framgang, med

137 startande, mot 98 i fjor.

Framgangen skuldast vel mest ein

stor trøndertropp, som også fekk

med seg Geirangermarsjen laurdag.

Med løyper frå 3 til 24 km, så var

det tilbod til alle. Arrangementet var

som vanleg perfekt, m.a. med merke

for kvar km, slik at deltakaren til

kvar tid visste kva han hadde att.

Særleg var dette viktig i langløypa, ut

Vatnefjorden, inn Vestrefjorden, og

så over fjellet til Vatnedalen, ei særs

interessant og krevjande løype.

Elles kunne vel IL Ravn kalle seg

ein slags «uoffisiell Noregs-

meister» i organisert mosjons-

idrett. Utanom Fjord- og

Fjellmarsj, så avvikla dei i mai

trimsykkelrittet Fannetråkken

for 28. gong, med ca. 150 star-

tande. 18. september går

Ravnmila for 25. gong, der det

i fjor var 106 startande. Alle er

terminfesta stemne med IVV-

stempling, og med minnepre-

mie i ein ny valør kvart år. Det

vil seie at det hittil er ca. 70

ulike merker/medaljar. Det

krevst tålmod og orden for å

halde styr på dette, men her er data-

teknikken forlengst teken i bruk.

Dette med minnepremie er kan-

skje ikkje det viktigaste, men det

viser at arrangøren tek oppgåva på

alvor. Det er ein av grunnane til at

laget får stor tilslutning til sine stem-

ner. Sjølv om ”Noregsmeister” skulle

verke ambisiøst, så står dei i alle fall

i ein særstilling i vårt fylke når det

gjeld organisert innsats for mosjons-

idretten. Dette kunne vel vere ei

utfordring for andre, no i det offi-

sielle ”Friluftslivets år”.

7

BLADET FOLKESPORT 3 - 2005

IL Ravn:

Noregsmeister i mosjonsidrett?

Jarle Eik og Karin Eikebø Vadseth har teke

datateknologien i bruk for å halde greie på

alle dei merker og medaljar som er i omløp

i Fannetråkken, Fjord og Fjellmarsj og

Ravnmila.