Table of Contents Table of Contents
Previous Page  27 / 36 Next Page
Information
Show Menu
Previous Page 27 / 36 Next Page
Page Background

ein stad der det var flyslepp under

krigen, hadde eg med meg 15-20

deltakarar. I haust blei eg spurd om å

ta same turen med seniorar frå

Kristiansand og Lillesand. Det kom

100!

Eg trur orsakingane eg har nemnt,

er berre talemåtar. Eg trur folk seier

nei fordi dei er redde for å komme til

kort. Dei er redde for at dei ikkje skal

gå fort nok, dei er redde for det

ukjende. Eg har lagt merke til at nye

i marsjmiljøet set av garde i stor fart

og prøver å halde seg mellom dei

fremste heilt til dei skjønar at vi

andre berre er vanlege folk og ikkje

aktive idrettsmenn.

Det tel også mykje kven i byen

eller bygda som går. Går dei lokale

kjendisane marsjen, er mykje vunne.

Når eit idrettslag eller ei foreining

arrangerer

marsj,

og

ikkje

medlemmene går, er det tydeleg at

laget eller foreininga berre er inter-

essert i å få inn pengar. Enkelte

stadar går folk mann av huse, andre

stadar mest ingen lokale. Det er tyde-

leg at mange arrangørar ikkje har eit

skikkeleg eigarforhold til marsjen!

Nokre arrangørar er flinke til å drive

PR, andre bryr seg ikkje. Omtale i

lokalpressa

er

viktig.

I

Sørlandsmarsjens

glansperiode

skreiv avisa Fædrelandsvennen

mykje om marsjen både før og etter.

No ville ikkje avisa ein gong ta med

at Kristiansand Marsj-forening

arrangerte forbundsting i byen. Eg

meiner at journalistar burde ha ei

plikt til å informere og bakke opp

om alle trimtiltak, ikkje berre dei

med mange deltakarar. Marsjar og

andre trimtiltak bør kunne få si eiga

spalte, så arrangementa slepp å

konkurrere om spalteplass med van-

lege

idrettsarrangement.

Trimarrangementa har mykje meir å

seie for folkehelsa enn idrettskonkur-

ransar.

Det kan elles vere ein føremon å

knyte marsjar til andre arrangement.

Prøysenmarsjen

får

mange

deltakarar berre på namnet.

Konkurranse mellom skular, bygde-

lag og bydelar kan også virke moti-

varande, men berre dersom lokal-

pressa og lokale kjendisar let seg

engasjere.

Så litt om premiering. Når eg

melder meg på ein marsj, sjekkar eg

alltid premieringa. Første gongen vel

eg gjerne medalje. Dersom ikkje

marsjen har spennande premiar f.eks

for kvar femte og tiande gong, blir

det berre IVV-stempel for min del når

eg går same marsjen seinare. Ein serie

på ti meir eller mindre like medaljar

lokkar ikkje.

Mange marsjdeltakarar går for å

komme seg etter sjukdom. Her må vi

få i stand eit samarbeid med legekon-

tor og fysikalske institutt. Det er

utruleg så spreke folk med eit hjarte-

infarkt bak seg kan bli etter nokre

månader i marsjmiljøet.

Einar Ytrehus

27

BLADET FOLKESPORT 4 - 2003