Table of Contents Table of Contents
Previous Page  26 / 36 Next Page
Information
Show Menu
Previous Page 26 / 36 Next Page
Page Background

Det er naturleg at presidenten vår er

oppteken av dette spørsmålet. Det er

eg og. Eg har tenkt og tenkt, men den

verkeleg gode løysinga er vanskeleg å

finne. Men eg kan i alle fall skrive

ned nokre av tankane mine, så får

andre tenkje vidare.

Eg vel å presentere problemet slik:

Kvifor går ikkje folk marsj? Mange

er “konkurranseinteresserte”. Dei er

med på terrengkarusellar, orienter-

ingsløp, skogsløp og andre tevlingar

som gjev status, men å vere med på

ein marsj - nei, fy! Tenk å få medalje

for fem eller ti km! Dei ler av desse

gamlingane som daffar rundt i ter-

renget. Ja, dei fleste av oss er ikkje

heilt unge lenger, men vi var unge og

spreke i 70-åra då vi til dømes gjekk

fire mil to dagar etter kvarandre.

Nokre av oss gjekk fleire ti-miler i

året. Kanskje gav marsjane litt meir

status då, for statusen er viktig for

dei konkurranseinteresserte. Eg trur

også det gav litt status å gå rundt

med skrytejakke, slik det var vanleg

på den tida. Mange er opptekne av

prestasjonar, meter og sekund. Når

dei sjølve ikkje kan prestere lenger,

sluttar dei med idretten sin og vil

heller sjå spennande konkurransar

framfor å mosjonere. Enkelte byrjar

med marsjar fordi dei finn spenning i

stemplingssystemet vårt. Andre har

utvikla så stort mosjonsbehov at dei

trappar ned med for eksempel mars-

jar. Atter andre med mosjonstrong vil

ikkje nedverdige seg til å vere med på

arrangementa våre.

Sjølv sprang eg både terreng- og

orienteringsløp utan å nå særleg

langt. Med den tunge kroppen min

kunne eg ikkje vente noko heller! Eg

slutta nokså fort, men så kom eg med

på Sørlandsmarsjen fordi ein kollega

spurde meg om eg ville vere med.

Sidan har eg gått og gått, gått og

gått. Eg stortrivst i marsjmiljøet og

kjem ikkje til å slutte så lenge krop-

pen held.

Eg vart med fordi nokon spurde

meg, og det er her vi kan gjere ein

innsats! Inviter folk med på marsj!

Dei fleste svarar nei, nokre blir med

ein gong eller to, men einskilde kjem

med i marsjflokken og blir der!

Dei som svarar nei, har gjerne

desse motargumenta: Eg vil ikkje

betale for å gå, eg vil ikkje gå på

asfalt, eg vil ikkje marsjere, eg vil

ikkje gå til faste klokkeslett, eg likar

best å gå åleine osv. Ein som eg fekk

med på marsj, likte seg ikkje fordi

der var så mange framande, og det

virka som alle dei andre kjende

kvarandre. Her har vi eit ansvar. Vi

må ta oss av nye i miljøet!

Når det gjeld betaling, er det også

startkontingent på seniorturar, og

her kjem folk i mengdevis. På ei ført

vandring med marsjfolk til Snaremyr,

26

BLADET FOLKESPORT 4 - 2003

Kvifor går ikkje folk marsj?