16
TURMARSJNYTT 2 - 2014
Tunellmarsj på Voss
Sundag 15 desember var det klart for
tunellmarsj. Været var overskya og litt vind,
men kva gjorde vel det, då me skulle gå
marsj med tak over hovudet. Og det er ikkje
kvardagskost at me får til. Det heile starta
med at me tok kontakt med Statens
Vegvesen, for å høyra om det let seg gjerda
å få arrangera denne type marsj. Dei hadde
ikkje tenkt på at noko slikt kunne gjerast, så
dei måtte ha litt tenkjetid, og kom med eit
positivt svar, og at dei ville opna tunellen
for ålmenta, siste sundagen altså 15
desember. Den offisielle opninga var fredag
20 desember, utført av statsråd Ketil
Solsvik-Olsen. Det var i overkant av 200
startande hjå oss, og totalt var det bortimot
1000 personar som var interesserte korleis
det såg ut i denne etterlengta tunellen.
Statens Vegvesen hadde laga til info
undervegs kva som var over hovudet på oss,
og litt info om tunellen. Me fekk møta
"Grebbe Hangur" og tusser og troll, som
underheldt med trekkspel og dans inne i
tunellen. Det vart delt ut ca. 250 liter gløgg
og mange pepparkaker undervegs. Tunellen
var ljos og fin, men det varer vel ikkje lenge
etter at trafikken vert sleppt på.
Vangtunellen er 2468 meter lang,(like lang
som Galdhøpiggen er høg), og er den nye
E16 utanfor Voss sentrum. Vangstunellen er
ein del av «Vossapakko» og har ein
totalkostnad på 1,13 milliardar
Helsing
Bulken Turmarsjlag
Harald Ringheim
Påmelding
Påmeldingskøen veks
Køen vart lang
Kø også ved busstransport