12
TURMARSJNYTT 4 - 2013
Då var dagen komen for turmarsj over
Hardangerbrua. Brua åpna 17.8.2013 i eit strålande fint
vær, med mykje prominente gjester tilstades. Når me
skulle ha brumarsj, så var ikkje værgudane med oss .
Han opna alle sluser, så einaste fornuftige var nok å kle
seg i vestlandsbunaden (regntøy). Men trass i dårleg vær,
så møtte tett oppunder 50 personar fram og starta
marsjen. Me starta i Vallavik, og gjekk over brua til
rasteplassen på Bu, der det var klyppestasjon, og sende
folket tilbake same vegen. Det er laga til ein flott tunell
for fotfolket i begge endar av brua. Det var folk frå Voss,
Bergen, Askøy også nokre frå austlandet. Me hadde ein
flott tur og fekk beundra det vakre ingeniørarbeidet.
Hardangerbrumarsj
Tekst og foto: Harald Ringheim, Bulken Turmarsjlag