Tekst og foto: Ragnhild Johnsson,
Bulken turmarsjlag
Bjarne Stavenes heiter eldste medle-
met i Bulken turmarsjlag. Med sine
87 år er han ein aktiv deltakar på
turane våre.
På Bulken har me ført
vandring på serieturane,
og det er slett ikkje dei
lettaste vegane og
stiane me går. Her
er brattlendt, og
me har vitja mang
ein støl og fråflyt-
ta fjellgard i
Vossebygda.
Bjarne Stavenes
er alltid med. Lett
på foten og ung i
sinn.
I sommar var
Bjarne eldste deltakar i
IVV-Olympiaden i Plzen
i Tsjekkia. Han gjekk 4
marsjar, sykla og sumde - og
var i god form trass i det uvanleg
varme været (42,6 grader i skuggen
på det meste).
Men Stavenes er ikkje berre opp-
teken av turmarsjar. Etterat han slut-
ta som yrkesaktiv på anlegg rundt i
Norges land, har han fått tid til å
dyrka dei mange friluftsinteressene
sine, men også trening i treningssen-
ter. For tida trenar han på trenings-
senter 3 gonger i veka, i symjehallen
1 gong i veka, det same med tur-
marsj. Sundagane går han føremid-
dagstur, oftast 13-14 km. Dessutan
likar han å sykla.
Som 80 åring fekk han eit fall-
skjermhopp i gåve frå eldste sonen
sin. Dette gav meirsmak, og
han har no hoppa kvart
år sidan. Ei anna gåve
han fekk, var å
prøva hangglidar,
og sidan har han
delteke kvart år i
Ekstremsport-
veko på Voss.
Det siste «sprel-
let» var når han
saman med ord-
føraren vart invi-
tert til å vera med
på ein luftetur over
100 meter rett til
vers. Det er ein slags
hangglider som er festa
til ein båt, og når båten
køyrer bortover vatnet fyk
hangglidaren til værs.
Bjarne Stavenes seier at han
tenkjer aldri på alderen. Han føler
seg ung og sprek og likar seg saman
med ungdomar.
Me i Bulken turmarsjlag er glade
for at Bjarne Stavenes vil vera med i
laget vårt. Me ynskjer han frameleis
god helse og mange fine turar fram-
over.
20
BLADET FOLKESPORT 4 - 2005
Intervju med Bjarne Stavenes