Table of Contents Table of Contents
Previous Page  11 / 36 Next Page
Information
Show Menu
Previous Page 11 / 36 Next Page
Page Background

marsjmiljøet. Særleg damene i

Mandal hadde hundegodt eller

vaflar klart når Bali dukka opp. Så

seint som i går storma Bali mot

arrangørens hus ved Lysthuset då eg

parkerte ved Furulunden. Då eg

nådde fram, stod han utanfor døra

og bjeffa. Han kjende vaffellukta, og

vaflar fekk han. Då Bali fylte 12 år,

overraska dei same damene med

blautkake til Bali og dei andre hun-

dane på rasteplassen. Han fekk fleire

gåver: nytt halsband og ulike sortar

hundegodt. Ein gong eg ikkje møtte

opp i Mandal, ringde eit par av

damene og spurde om Bali var sjuk.

Meg tenkte dei visst ikkje på.

Bali har ein utruleg appetitt. Ein

gong ville nokre marsjkameratar sjå

kor mange bollar han kunne greie.

Bali åt og åt. Til slutt måtte eg seie

stopp, for eg ville ikkje at den kjære

venen min skulle ete seg i hel.

Bali ser som si oppgåve å passe på

marsjflokken. Han knurrar varsamt

dersom andre dyr nærmar seg. Om

andre hundar går laus på Bali, stiller

marsjflokken opp for han, og dei fra-

mande hundane med eigar må berre

sjå å komme seg unna. Ein gong var

eg likevel uheldig. På Eidemarsjen

heldt Bali og eg på å ta igjen ein heil

flokk sommarturistar som gjekk i ei

tett klynge. Bali gjekk fritt, og eg

rekna med at han ville følgje meg når

eg tok forbi flokken. Med eitt blei

han borte, det høyrdest eit hyl frå ei

dame som heldt ein bitte liten hund

opp i veret. Eg måtte beklage, og sa

at eg ikkje hadde sett den vesle hun-

den, og at eg derfor ikkje hadde

passa på Bali. Då kom det: "Du skal

ikke beklage, men se å få skikk på

det ville dyret." Og så kalle fromme

Bali eit vilt dyr! Han ville berre helse

på den vesle hunden.

Som lokal kjendis har Bali vore i

dei fleste Sørlandsavisene: Lindes-

nes, Fædrelandsvennen, Lillesands-

posten og Grimstad Adressetidende.

Han har vore i Retrivertreff og diver-

se marsjblad. Du kan finne han i

Tolver´ns spalte på Internett. I fjor

var han på forsida av Folkesport-for-

bundets terminliste saman med

andre marsjentusiastar frå Sørlandet.

Bali er blitt gammal. Han ser

sørgmodig på meg med sine brune

auga. "Du skal vel ikkje på marsj

utan meg," er det som han seier. Han

lograr og er stornøgd når han får

vere med. Men det går seinare og sei-

nare. Vi må konsentrere oss om flate

halvmiler. Så ligg han i bilen medan

eg går den siste halve mila. Men han

er med i miljøet og bjeffar begeistra

når han møter marsjkjenningar. Eg

gruar meg til den dagen han ikkje

kan vere med. Eg rådfører meg med

son min, dyrlegen, som har doktor-

graden i stive ledd, og som gjev Bali

medisinar. Før eller seinare blir det

likevel stopp.

Men Bali har gjeve meg og andre

mange rike opplevingar. Det blir eit

sakn når han er borte.

11

BLADET FOLKESPORT 2 - 2005