Table of Contents Table of Contents
Previous Page  10 / 36 Next Page
Information
Show Menu
Previous Page 10 / 36 Next Page
Page Background

Tekst: Einar Ytrehus

Foto: Svein Ingebrigtsen

I desse dagar går labradoren Bali sin

marsj nr. 1000. Det er ikkje akkurat

vanleg å nemne i FOLKESPORT

når folk når dette målet, for

svært mange av oss har

greidd dette og meir til,

men eg har ikkje høyrt

om andre hundar

som har gått så

mykje. Dessutan

har Bali vore ein

fargeklatt i marsj-

miljøet på Sørlan-

det i dei ti åra han

har vore med. Når

han no er over 15

år og tydeleg redu-

sert av gikt, for-

tener han nokre

gode ord før han dreg

seg attende.

Eg hadde hatt labra-

dor i 15 år då eg blei spurd

om eg ville overta Bali. Den tidle-

gare eigaren var død av kreft, og i

hundeklubben var dei på jakt etter

ein ny eigar. Med ein gong Bali fekk

sjå meg, kom han varsamt mot meg

og la hovudet på den eine foten min.

Då eg skulle gå, følgde han etter meg

og hoppa inn i bilen. Det var tydeleg

at det var han som valde meg, ikkje

omvendt. Eg sa at eg gjerne ville ha

Bali dersom han kunne fungere på

marsjar. Den første hunden min var

for strid til at eg kunne ha han med

på marsj.

Bali gjekk sin første marsj på

Tromøya, og det gjekk fint.

Sidan har han vore med

meg på dei fleste mar-

sjane. Berre når det

har vore ekstra

varmt om somma-

ren, har han vore

heime. Det var

ikkje lenge før

det tok til å

komme

kom-

mentarar

frå

marsjvenene.

Redaktøren av

KMF-posten

skreiv for eksem-

pel: "Einar er kjent

for å halde en dia-

bolsk fart i løypa, men

nå har han skaffa seg hund,

så må han nok redusere farta." I

neste nummer hadde han forandra

meining: "Omforlatelse, Bali, jeg

skal aldri mer si at du er tjukk eller

en klamp om foten på sjefen. Jeg så

dere nok i Holvika, d.v.s. jeg så dere

i ca. 15 sek., og så var det bare blå

røyk etter dere."

Bali fekk raskt mange vener i

10

BLADET FOLKESPORT 2 - 2005

Tusen marsjar med Bali