Table of Contents Table of Contents
Previous Page  11 / 32 Next Page
Information
Show Menu
Previous Page 11 / 32 Next Page
Page Background

Tekst: Einar Ytrehus

Eg er ein av dei mange som ikkje er

heilt nøgd med rundvandringane av

i dag. Dei fleste rundvandringane er

samansette av lange løyper og

høver derfor best for dei mest ihuga

marsjgåarane som er opptekne av

stempling. Men folk blir eldre.

Løyper på 20 km og meir høver

godt når du skal få mange km i ein

fei, men dei som ikkje er heilt unge

lenger, tykkjer slike lange løyper er

krevjande. Det same tykkjer fami-

liar med born.

Skal vi få nye til å gå løypene

våre, må vi leggje tilhøva til rette

for alle. Det har vi no gjort når det

gjeld PV-ar, med mange kortløyper

på 5 og 6 km, men no er turen

komen til rundvaringane. Dei bør

vere samansette av nokre lange,

men flest korte løyper, og løypene

bør gjerne spreiast over eit større

område, slik at folk får oppleve

nytt terreng med jamne mellom-

rom. Folk må kunne velje mellom

løypene. Fleire klubbar må gjerne

samarbeide.

Eg meiner også at rundvan-

dringane kan utvidast til 500 km.

Då kan folk få meir å velje i og få

endå fleire opplevingar nye stadar. I

land som f.eks. Austerrike har dei

fleire slike lange rundvandringar, så

kvifor ikkje her? Eg skjønar at for-

bundsstyret tykkjer det er for

mykje for ein arrangør med rund-

vandringar på opp til 500, men når

det finst folk som er viljuge til

arbeidsinnsats, så kvifor ikkje la dei

prøve. Dersom dei iherdige sjelene

møter for mykje motbør, kan dei

bli trøytte av heile greia, og då blir

tilbodet dårlegare istadenfor betre.

Det gjeld å stelle pent med folk som

er viljuge til å gjere noko. Vi har så

alt for få slike!

Her sør er vi mange som meiner

det same, men kva meiner dei i

andre landsdelar om tankane mine?

11

BLADET FOLKESPORT 3 - 2006

OM RUNDVANDRINGAR

Birgiths

Data

-Webhjelp

… gjør din

hjemmeside

til mitt

ansvar ….

Hjemmesider for småforetak, borettslag, foreninger,

organisasjoner og private.

For tilbud - ta vennligst kontakt via

www.birgith.no

- 482 48 795