Table of Contents Table of Contents
Previous Page  5 / 36 Next Page
Information
Show Menu
Previous Page 5 / 36 Next Page
Page Background

Når ein har gått eit par turmarsjar i

veka i mange år, har ein gjort sine tan-

kar om både marsjar og deltakarar.

Ikkje sjeldan høyrer ein kritikk av

marsjar og arrangørar, og det er gjer-

ne dei same personane som kritiserer.

Sunn kritikk er av det gode. Når ein i

kritikken peikar på noko som kunne

ha vore betre, bør ein samstundes ta

med positive sider ved arrangementet.

Alle arrangørar prøver som regel å

gjere sitt beste. Når ikkje alt fungerer

likevel, skuldast det ofte mannskaps-

mangel, eller at arrangørane ikkje har

vore ute og sett korleis andre arrangø-

rar gjer det. Røynde marsjfolk er gjer-

ne dei flinkaste til å arrangere.

Men dei som har ansvaret for dei

førte vandringane eg er med på, er alle

røynde marsjdeltakarar. Kvifor kjem

det då kritikk, og kva går kritikken ut

på? Løypene er for harde og lange

med for mange motbakkar. Terrenget

er for tungt og ulendt. Det går for

fort, det blir for slitsamt å halde føl-

gje. Marsjarrangørar blir skulda for å

velje krevande løyper for at den og

den ikkje skal orke å bli med.

No kan eg forstå at folk med dår-

leg hjarte og andre plager ikkje vil ha

for tunge løyper, men kva så med dei

som likar ei utfordring? Det finst dei

som elskar å slite litt i tungt terreng og

gjerne kan tenkje seg å komme opp på

ein topp eller to. Flate løyper kan bli

keisame i lengda.

Ein arrangør bør kunne ta omsyn

til alle. På marsjane blir det gjeve til-

bod om å berre gå 5 km. Få tek imot

dette tilbodet. Det er kanskje litt flaut

når dei fleste går 10. Dei vil heller ha

ein flat 10 km, for det er viktig å

kunne stemple 10 km inn i distanse-

kortet. Så klagar dei dersom ikkje

mila er flat nok! Kritikken kan i ver-

ste fall føre til at arrangøren seinare

har for korte løyper. Eit råd her kan

vere å operere med to løyper. Alle går

saman eit stykke, så deler løypa seg

slik at dei som vil ha ei utfordring, får

det, medan dei andre får ein lettare

trase. Så kan dei møtast på rasteplas-

sen eller kanskje først ved mål. Eg er

merksam på at dette krev meir plan-

legging, men kvifor ikkje prøve?

Så er det dette med fart. Ein frå

arrangøren bør gå først og ein sist.

Det er viktig at ikkje føraren går for

fort, og dei sprekaste i flokken bør

halde seg blant dei siste og hjelpe til

med å passe på at dei som har pro-

blem, ikkje blir hengande etter.

Dersom arrangørane prøver å ta

omsyn til alle, og at klagarane er sak-

lege og ikkje forsurar miljøet, er det

von om at alle kan trivast på marsja-

ne. Vi må tenkje på det veldige arbei-

det mange av arrangørane gjer. Gamle

kontroversar må gløymast, og vi må

alle gjere vårt til at turane blir kosele-

ge og marsjmiljøet godt!

Einar Ytrehus

5

BLADET FOLKESPORT 4 - 2004

Tankar om førte vandringar