Table of Contents Table of Contents
Previous Page  29 / 40 Next Page
Information
Show Menu
Previous Page 29 / 40 Next Page
Page Background

29

BLADET FOLKESPORT 2 - 2004

Inn i postkassa droppa det eit brev

der det sto å lese at Olav hadde

tenkt å slutte å gå turmarsjar. Dette

høyrdest ikkje heilt bra ut, så eg

tenkte at eg måtte ringe og

snakke med mannen.

Olav har til ei kvar tid

ein treffande kom-

mentar, og eg har

alltid tykt om

denne rolege og

sindige personen i

marsjmiljøet vårt.

Han startar helst

tidleg i starttida

medan eg helst

startar seint. Like-

vel har vi gått nokre

marsjar saman.

På telefon kan han

fortelje at han no er 85 år,

og at dei lange bilturane ikkje freis-

tar så mykje. Olav bur i Seljord og

i Telemark er det ikkje att så mange

marsjar. Difor må han køyre til dei

fleste turane han skal gå. ”I tillegg

til å køyre einsam har det også dei

seinare åra vorte slik at eg og må gå

aleine. Dette tykkjer eg ikkje er

noko moro meir.” Detta kan eg

godt forstå og eg må berre godta

avgjerda hans. Difor vil eg vita

meir om kva Olav har gjort av tur-

marsjar. Olav fortel at han byrja å

gå i 1983. Det var ein frå heimsta-

den som drog han med. Ingen for-

talde om IVV, så han stempla ikkje

før året etter. I alt har han gått 25

000 km og fått 1100 deltakarstem-

pel.

Olav har gått i alle fylka

så nær som Nordland,

Troms og Nord-

Trøndelag. Han

fortel vidare at han

har gått i Nij-

megen, Hærvejs-

marsjen og i Ro-

manshorn i Sveits.

Av dei norske

marsjane trekkjer

han fram Dovre-

marsjane som fine.

Desse er lange turar i

fin natur. Det er òg fint

med marsjar heile helga når

ein først har køyrd så langt.

Stemninga på denne helga er spesi-

ell. Elles likar han dei andre lange

turane. Det har vorte 20 lange 100-

kilometere og 5-6 på 120 km. Det

var turar med store utfordringar,

men og med mykje slit. På slutten

av slike marsjar blir ein litt galen på

seg sjølv, for at ein har gitt seg ut på

slike strabasar.

Kva held du på med når du ikkje

går marsjar vil eg vite. ”Eg er pen-

sjonist, så eg går turar der eg bor.

Stopper når det blir for glatt om

Vi snakkar med Olav H. Sandsdalen